Pilsettjernet   
 
Pilsettjernet  før hyttebygging
da det var 3 støler i drift på Pilset.
Legg merke til tregrensa.
Person er trolig min bestemor
Hanna  Finborud.
Bildet er tatt ca. 1950.
Skarvemellen og Rundemellen,
Melladen,  i bakgrunnen.
 

 

 

 

Tilbake       Pilset oversikt     Hjem         Neste

 

Følgende stykke er skrevet av Knut Hermundstad og er tatt fra boka
"Truer om
villdyr, fangst og fiske. "
 Universitetsforlaget, 1967.

Mange fiskevatn rundt i Valdres var hylde eller hadde vore hylde,
meinte dei
gamle. Det var dei underjordiske som hadde teki makti over dei,
så dei kristne
ikkje kunne få fisk. Stundom kunne slike vatn vera tvibotna,
eller og var fisken
rar i dei. Stundom hadde vatni vorte forbanna.

Pilsettjernet 

            Oppe på Månoåsen i Nord Aurdal ligg Pilsettjernet.I dette tjernet var
fisken i
gamal tid hyld av haugafolket. Det var helst trollet i Gulsberg,
eller
Gulsbergknatten som hadde gjort dette. Ein av husmennene
under Skaveldo,
Husin dei kalla, gjekk og harma seg over
at det ikkje var råd å få fisk i dette
tjernet. Trass alle kunster han øvde,
fekk han ikkje ein einaste fisk, endå han såg
fisken leike i vass-skorpa.
              Om hausten hadde han freista med ljostring i elvi. Han såg då
mang ein diger
kult, men hogg på han fekk han aldri. Ein gong heldt
han nok på å få sett ljostren
sin i ein rund aurekult, men då fekk han
ein dult i ryggen, så han gikk på
hovudet ut i elvi som renn ut or tjernet.
Med det same ropte det: "Den fisken er
min den, Husin!"
Då vart Husin sinna og slo om seg med ljostren.
Med det same
lo det borti haugen rett ved og sa: "Du bomma no, Husin!"
Dette vart for mykje
for Husin. Han drog heim. Det lyt vel bli ei råd,
tenkte Husin, for han kunne
meir enn "Fader våret sitt", den karen.

             No tenkte han at fekk han tak i innvigd kyrkjegardsjord
og sådde rundt tjernet fekk ikkje haugafolket meir makt med det.
Dette måtte ein gjera jonsoknatti så
ingen såg det, og ikkje måtte
han sjølv prata. Det var nok umaken verdt å prøve
dette. Den gilde fisken
kom han nok til å få god betaling for hjå storfolket i
Aurdal.
                Neste jonsokkveld tok Husin Blakken og kløvgreier og for til
Aurdal kyrkjegard og skulle få tak i noko kyrkjegardsmold. Men dette vart
ei hard prøve for Husin.
Då han kom fram og tok fatt på arbeidet,
syntes han alle krossane på
kyrkjegarden fekk livn og kom vandrande
mot han, men endeleg hadde han fylt kløvbunbone sine
og skunda seg av stad att.
             Ein hard tur vart det no for Husin og Blakken før dei kom til
Pilsettjernet. Men ved tretidi om morgonen var dei
framme.
Husin fekk tå kløvi  og tok til å så jord rundt tjernet. Snart hadde han
sådd
om lag halvparten. Da skreik ei kvinnerøyst: "Ko gjer du no, Husin?
Vil du ta fisken tå haugafølko?" Då skvatt Husin og skreik attende:
"Ko ræk dæ de, di
stygge heks!" Men no skjønte Husin at det var ikkje verdt
å så meir når han var
så dum at han hadde tala. Den som hadde ropt,
var ingen anna enn ho Sissel pa Sletten, for ho hadde nett løyst ut krøteri sine
og hadde råkt til å få sjå Husin.
                 No var Sissel og Husin mykje misunnelege på kvarandre  for dei ville båe
vera mest trollkunnige, Husin trolla då på krøteri hennar Sissel,
slik at dei låg borte om ho
ikkje gjette dei støtt. Dette hemnde ho Sissel
med å plukke klauvetupp, det vil
seia gjørme som ligg mellom kyrklauvene,
og kaste det over kyrne til Husin. Men på dei beit ikkje trollskapen
hennar Sissel. Men det var med kyrne hans ei
ku som tilhøyrde ein annan, 
og ho kom til å mjølke blod resten av sommaren.
  
              Den sommaren fekk Husin ei mengd fin fisk på det landet
han hadde satt
kyrkjegardsjord. Storfolket i Aurdal var svært oppglødde
over fisken Husin fekk
og kom med til dei. Og mange blanke dalarar
fekk Husin for fisken.

              Neste jonsokkveld for Husin atter til Aurdal kyrkjegard.
Men no syntes han det var endå verre enn fyrste gongen han var der.
Han syntes det tusla og gjekk alle
stader, og at det tok etter han.
Men han fekk då jord i bombone sine, no med,
fekk hekta på kløvi,
og i veg til Pilset bar det. Han for om Måno og opp til
tjernet,
og tok til å så jord som sist han dreiv med det. Husin var nesten
komen
rundt då det skreik oppi Gulsberg: "Esle le! På dæ vil mø stå uss
både du o mø!"
 Husin esla så att eit lite stykke, så han ikkje sådde
heilt i hop att.
               Då han kom
bort åt Blakken, vart han var eit stort sylvstaup
som stod på ein stein. Då sa
Husin: "Men i Jesu navn, ko æ detta før noko?"
Då vart staupet borte. Med det
same skreik det oppe i Gulsberg:
"Du va dom no, Husin, hadde du ikkje tala slik, hadde du fått staupet
fordi du
esla le."   Sidan fekk både Husin og andre fisk alle stader i Pilsettjernet.

 (
Arve Landmark skriver at "Husin var husmann i Norre Huset og hadde stølen midt på Pilset.
Han het Ole Julsen Skavelden og er min tippoldefar.
Sissel Sletten var fra plassen Slette og hadde stølen Lihagen har nå")
                                       

 

      Tilbake       Pilset oversikt     Hjem         Neste